Nynorsksenteret tipsar om Dante-teikneserien!
Marcello Toninelli sin Dante-teikneserie (som kom på TransFe:r i fjor haust) vert for tida presentert som boktips på Nynorsksenteret. Det er Arild Torvund Olsen som tipsar, og han skriv blant anna:
«Men Marcello gjer meir enn berre å attfortelja visjonsdiktet til Dante; han leikar seg med det, parodierer det og puttar inn referansar til det moderne Italia. Slik kan teikneserien fungera både som ei innføring i og ein moderne kommentar til Den guddommelege komedie og Dante.»
Ein kan òg bla i utvalde sider frå teikneserien.
Gå direkte til Nynorsksenteret sine boksider nynorskbok.no her
Nyhetsarkiv
