TransFe:r gir ut Den guddommelege komedie som teikneserie!
Vi er glade for å kunna presentera «Dante: Den guddommelege
komedie som teikneserie – Helvetet», teikna av Marcello Toninelli (f. 1950). Dette er ein teikneserieparodi som fyrste gong vart presentert for lesarar i Italia i 1968. Etter nokre endringar kom han ut i bokform i 2004 som «Dante: Divina Commedia a fumetti – Inferno», fyrste bok i ein trilogi som fekk stor merksemd og no er
utseld i Italia.
Serien inneheld 92 sider med teikneseriestriper i svart/kvitt som fylgjer vegen til Dante gjennom Helvetet, med alt frå ein til seks sider for kvar song i Komedien. Teiknaren Marcello Toninelli har halde seg tett opp til originalen, men har med ein humoristisk vri klart å aktualisera stoffet og bringa Dante nærare vår samtid.
Teikneserien er omsett av Bodil Moss (f. 1972 på Fåvang, busett i Bergen). Ho har òg skrive eit etterord der ho fortel litt om omsetjingsprosessen. Denne utgjevinga handlar om omsetjing på mange plan, frå ei historisk tid til ei anna, frå eit epos på vers til teikningar med snakkebobler, frå Dantes italiensk via Marcello sin
versjon av språket, og vidare inn i Bodil Moss sin flotte, moderne nynorsk.
Serien skal lanserast 28. september 2007 i samband med Raptus – Den internasjonale teikneseriefestivalen i Bergen, der Marcello sjølv vil vera tilstades.
Fredag 28. september kl. 18.00 i Grieghallen (Klokkeklang) vil Marcello presentera Dante-teikneserien.
Lørdag 29. september kl. 15.00 i Grieghallen (Klokkeklang) vil Marcello snakke om sin øvrige teikneserieproduksjon.
I forkant av lanseringa skal Marcello vitja dei seks Dante-foreiningane i Noreg med føredrag om Dante-utgjevinga særskilt, og heile sin teikneserieproduksjon generelt. Her kan det være rom for å avtale korte intervjuer med Marcello, om det er av interesse.
20/9: Oslo
21/9: Halden
24/9: Trondheim
25/9: Kristiansand
26/9: Stavanger
27/9: Bergen
For spørsmål, presseeksemplar, intervju-avtalar o.l., ta kontakt med Aasne Vikøy frå forlaget (mob. 40 22 18 19, post@tforlag.net) eller omsetjaren Bodil Moss (mob. 92 48 82 37)
Teikneserievennleg helsing
TransFe:r Forlag
Sjå også Raptus sine sider: http://www.raptus.no
