Skip to navigation

Ny utgjeving frå TransFe:r forlag: Omsetjaren Olav H. Hauge

Olav H. Hauge er av mange rekna for å vere ein av dei fremste omsetjarane her til lands. Omsetjingspraksisen hans står i nær samanheng med resten av diktinga, men fortener likevel eit særskilt blikk og ei større merksemd. TransFe:r forlag i Bergen er difor glade for å kunne presentera antologien Omsetjaren Olav H. Hauge, som inneheld nitten tekstbidrag til ei betre forståing av denne sida av Hauge sin forfattarskap.

Olav H. Hauge omsette omlag tre hundre dikt frå fransk, tysk og engelsk som kom på trykk i seks ulike, eigne samlingar. Hauge var ein sjølvlært omsetjar av både klassisk og samtidig dikting med eit stort spenn i stil og tone. Ikkje berre utfordra han seg sjølv og si eiga dikting gjennom dette arbeidet, men han skapte òg eit særeige og kresent utval som medvirka til å opna opp for fleire sider av modernismen i norsk litteratur.

I tillegg til tekstar som tek for seg ulike sider ved omsetjingspraksisen til Hauge, finn du i Omsetjaren Olav H. Hauge ti omsetjingar som ikkje før har vore trykt i bokform. Forfattaren kjem dessutan sjølv til orde i samtala Eldrid Lunden hadde med han om omsetjing i 1984, som me er glade for å få trykka opp att. Dei fleste andre tekstane er nyskrivne for denne utgjevinga.

Bidragsytarane er Hadle Oftedal Andersen, Henning Hagerup, Ragnar Hovland, Georg Johannesen, Atle Kittang, Odveig Klyve, Eldrid Lunden, Ingrid Nielsen, Geir Pollen, Jørgen Magnus Sejersted, Torgeir Skorgen, Idar Stegane, Hilde Kristin Strand, Cathrine Strøm, Staffan Söderblom, Aasne Vikøy, Jens Wabø, Einar Økland og Johannes Østbø.

Redigert av Aasne Vikøy & Cathrine Strøm.

Utgjeving 12. mai 2009
Omsetjaren Olav H. Hauge er andre bok i «Mellomrom», TransFe:r sin serie av antologier om omsetjing.