'Mellomrom II – Omsetjaren Olav H. Hauge' til ny pris: nestan gratis!
Frå og med nyttår set bokhandlane ned prisen på Mellomrom II – Omsetjaren Olav H. Hauge, men allereie no kan du få kjøpt antologien av oss til 150 kr (før: 250 kr).
I tillegg til tekstar som tek for seg ulike sider ved omsetjingspraksisen til Hauge, finn du i Omsetjaren Olav H. Hauge ti omsetjingar som ikkje før har vore trykt i bokform. Forfattaren kjem dessutan sjølv til orde i samtala Eldrid Lunden hadde med han om omsetjing i 1984, som me er glade for å få trykka opp att. Dei fleste andre tekstane er nyskrivne for denne utgjevinga.
