Skip to navigation

Det framande

Ein avskjed

Eg: Har du VISA-kortet? Vatn? Lesestoff?
S: Ja, ja og ja. Eg har L‘étranger.
Eg: Kan du nok fransk til å lese den?
S: Ikkje nok til å snakke klokt om stemninga og stilen. Men den er lett å lese fordi setningene er korte.
Eg: Sjå der.
S: Ja, sjå på han. Kor trur du han skal?
Eg: På råkkefestival.
S: Aleine.
Eg: Men så møter han nokon der.
S: Og så kjøper dei hund, trenar den til hunde-hinderløp, og får sløyfe.
Eg: Og så dør hunden og dei trøyster kvarandre. (...) Men, ja. L‘étranger, altså?
S: Det er arabaren som er den framande.

Det er lang kø for å komme inn på eit arrangement med Solstad. Ein venn står framfor meg i køa. Vi går ein annan stad og tek eit glas vin

Eg: Kva er ei god roman-opning?
B: Aujourd’hui maman est morte. I dag døde mor.

Eit av dei første møta eg har med nokon som seinare blir ein venn

H: Vesaas, Woolf, Marstein, Munroe og Camus er dei litterære førebilda mine.
Eg: Å, ja. The Outsider. The Stranger.
H: Kvifor seier du dei engelske titlane?
Eg: Fordi dei dekkjer heile boka, liksom.
H: Boka dekkjer oss alle saman. Vi er alle utsidarar, men berre M seier det som det er. Camus skriv det beint fram og enkelt og greitt.
Eg: Camus har vore ute ei vinternatt.
H: Nettene er kalde i Algerie.


Albert Camus: The Outsider

(Finaste utgåva eg har lese var «Penguin Classics» (billegbok) omsett frå fransk til engelsk av Joseph Laredo.)

Av Mette Karlsvik