Skip to navigation

Frist for påmelding av oversatt skjønnlitteratur

Innkjøpsordninga for omsett skjønnlitteratur
Søknadsfristar: 1. februar og 1. november. Svar kan ventast medio mars og primo desember.

Mål
Ordninga skal sikre at det finst omsett litteratur frå mange språk til norsk, til utlån i norske folkebibliotek. Eit utval omsette romanar, novellesamlingar, annan kunstnarleg verdfull prosa og skodespel blir kjøpte inn.

Kva kan det søkjast innkjøp for?

  • Primæromsetjingar til bokmål og nynorsk av bøker for vaksne, barn og ungdom
  • Nyutgivingar av klassiske verk
  • Omsetjingar frå dei sju største språkområda som minoritetsspråklege i Noreg kjem frå – “Mosaikk-litteratur”


Denne innkjøpsordninga er selektiv, det vil seie at det øvre titteltalet – inntil 75 titlar – er bestemt på førehand ut frå årleg justert budsjettramme. Kva bøker som skal kjøpast inn av dei det blir søkt om, er først og fremst basert på kvalitet og breidde. Omsetjaren får utbetalt 25% av honoraret som ein bonus frå Kulturrådet. Utbetalinga skjer gjennom Norsk Oversetterforening.

Kvar bok blir kjøpt inn i 500 eksemplar til folke- og skolebiblioteka.

Prosjektet “Mosaikk-litteratur” varar ut 2008, og forlaga blir oppfordra til å søke. Kulturrådet dekker heile omsetjarhonoraret og kjøper inn 500 eksemplar pr. tittel. I tillegg får omsetjaren bonus (sjå over) som for andre innkjøpte omsetjingar.

Sjå elles retningslinjene og søknadsskjema.

(Henta frå Kulturrådets nettsider)