Skip to navigation

Nynorske litteraturdagar 2.-4. nov.

Nynorske litteraturdagar
2.-4. november, Aurland
Les mer: http://www.nynorskelitteraturdagar.no/Default.aspx?tabid=1237

Om festivalen:
Nynorske Litteraturdagar er eit resultat av ei medviten satsing på å utvikla ulike kulturtilbod i Aurland kommune. Det heile starta med at ordføraren, Olav J. Ellingsen, tok til å dela ut nynorske songbøker til alle nyfødde born i kommunen. Dette er no innført som fast ordning.

Seinare kom “Song for livet”. Dette er ei større kultursatsing med vekt på den nynorske songskatten. Her samarbeider barnehagane, grunnskulen, kulturskulen og det frivillige kulturlivet. Sommaren 2006 starta Aurland kommune opp prosjektet LITTKRIT. Her får ungdomar tilbod om sommarjobb, der dei får lesa og analysera nynorsk samtidslitteratur. Prosjektet har fått stor merksemd, og vart også gjennomført i 2007. No er også internett teke i bruk og står sentralt i prosjektet.

Årleg kulturarrangement
Nynorske Litteraturdagar er ei vidareutvikling av desse tiltaka. Målet er å få til eit større årleg kulturarrangement med vekt på nynorsk litteratur og språk. Vi ynskjer å laga eit arrangement som kan appellera til ulike målgrupper både i høve til alder og interesseområde. Nynorske Litteraturdagar skal ha regional og nasjonal profil, tufta på ei solid lokal forankring. Vi har tru på at denne satsinga vil vera med på å byggja opp om ein positiv identitet i høve til bruk av nynorsk.

Nynorske Litteraturdagar er lagt til første helga i november. Mørke haustkveldar og dei særeigne fargane i naturen på denne tida av året gjev ei spesiell stemning. Tradisjonsrike Fretheim Hotel er hovudsete og gjev ei flott råme kring arrangementet. I tillegg er mange av dei andre attraksjonane i kommunen arena for ulike delarrangement. Både kyrkjene våre, Flåmsbana og Nærøyfjorden vert nytta, og er med å lyfta fram dei litterære opplevingane.

Samarbeid
Det er Aurland kommune som står bak Nynorske Litteraturdagar, men samarbeidet med andre er heilt avgjerande for å få til arrangementet. Fretheim Hotel, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane og dei ulike forlaga er viktige samarbeidspartar. I tillegg bidreg lokalt næringsliv med økonomisk støtte til arrangementet.

Vi vil svært gjerne bli eit attraktivt kulturarrangement, syna at vi kan leva opp til visjonen vår, og framstå som
Folkeleg – Raus – Levande.