Konferanse om Olav H. Hauge og Geirr Tveitt
UiB
Griegakademiet
11.-12. februar
- Musikk og lyrikk frå Hardanger til Europa
Olav H. Hauge (1908-1994) debuterte i 1946 og sidan gjennombrotet på 60-talet har han blitt sett på som ein av dei leiande lyrikarane i Noreg. Diktinga hans knyter an til norsk tradisjon, samtidig som han går i ein nær dialog med ei rekke europeiske klassikarar. I tillegg til den lyriske forfattarskapen, som bitt saman romantiske og modernistiske impulsar, er Hauge beundra for sine kresne omsetjingar av utanlandsk lyrikk, og for dagbøkene sine som gir eit unikt innblikk både i norsk kulturliv og i eit intenst diktarunivers. Seminaret vil gi ei breid oversikt over virket hans.
Komponisten Geirr Tveitt (1908-81) er ein av Noregs vesentlegaste og mest originale komponistar med ei verkliste som omfattar ei rekke store orkesterverk, operaer, songar og klaververk. Verka hans einar impulsar frå norsk folkemusikk og moderne europeiske straumar, særlig fransk impresjonisme. Tveitt er meir enn nokon gong blitt aktualisert gjennom ei rekke rekonstruerte verk, CD-innspelingar av leiande plateselskap som BIS, NAXOS og SIMAX og ein fornya debatt om hans nasjonale engasjement. Utøvarar, musikkvitarar og forfattarar vil gi innblikk i Tveitt sine verk og virke.
Seminaret blir halde i Gunnar Sævigs sal, Griegakademiet, Universitetet i Bergen
PROGRAM
Måndag 11. februar
10.00
Sanger av G. Tveitt til tekst av O. H. Hauge
ved Ragnhild Akslen, sang, og Annabel Guaita, piano
10.05
Opning ved dekan Gunnstein Akselberg og dagleg leiar i Hauge/Tveitt 2008 Kristin Helle-Valle
Tveitt
10.15
Reidar Storaas, biograf: Geirr Tveitt mellom triumf og tragedie
11.15
Kort pause
11.30
Geir Botnen, pianist: Femti folkatonar frå Hardanger
12.00
Øyvind Norheim, Nasjonalbiblioteket/Norsk musikksamling: Konstruksjon eller rekonstruksjon? ”Baldurs Draumar” og verkbegrepets relevans
12.30
Lunsj
Hauge
13.30
Sanger av G. Tveitt til tekst av O. H. Hauge
ved Ragnhild Akslen, sang, og Annabel Guaita, piano
13.35
Idar Stegane, prof. emeritus, Universitetet i Bergen:
Olav H. Hauge og forholdet hans til musikk
14.30
Staffan Söderblom, professor i Litterär gestaltning, Göteborgs universitet: ”Gullhanen”, ännu en gång
15.00
Pause
15.30
Ingrid Nielsen, førsteamanuensis i allmenn litteraturvitenskap og Sissel Lægreid, professor i germanistikk, Universitetet i Bergen: Hauges Ulvik – en europeisk hage? Om gjendiktningen i Hauges forfatterskap
16.00
Hadle Oftedal Andersen, universitetslektor i norsk ved Helsingfors universitet: Friedrich Nietzsches filosofi: Ein beinveg til Olav H. Hauges “Seint rodnar skog i djuvet” og ein omveg til Geirr Tveitts musikk?
18.00
Konsert og diktlesing i Gunnar Sævigs sal
20.00
Festmiddag
