Skip to navigation

Konferanse om Olav H. Hauge og Geirr Tveitt

- Musikk og lyrikk frå Hardanger til Europa

Olav H. Hauge (1908-1994) debuterte i 1946 og sidan gjennombrotet på 60-talet har han blitt sett på som ein av dei leiande lyrikarane i Noreg. Diktinga hans knyter an til norsk tradisjon, samtidig som han går i ein nær dialog med ei rekke europeiske klassikarar. I tillegg til den lyriske forfattarskapen, som bitt saman romantiske og modernistiske impulsar, er Hauge beundra for sine kresne omsetjingar av utanlandsk lyrikk, og for dagbøkene sine som gir eit unikt innblikk både i norsk kulturliv og i eit intenst diktarunivers. Seminaret vil gi ei breid oversikt over virket hans.

Komponisten Geirr Tveitt (1908-81) er ein av Noregs vesentlegaste og mest originale komponistar med ei verkliste som omfattar ei rekke store orkesterverk, operaer, songar og klaververk. Verka hans einar impulsar frå norsk folkemusikk og moderne europeiske straumar, særlig fransk impresjonisme. Tveitt er meir enn nokon gong blitt aktualisert gjennom ei rekke rekonstruerte verk, CD-innspelingar av leiande plateselskap som BIS, NAXOS og SIMAX og ein fornya debatt om hans nasjonale engasjement. Utøvarar, musikkvitarar og forfattarar vil gi innblikk i Tveitt sine verk og virke.

Seminaret blir halde i Gunnar Sævigs sal, Griegakademiet, Universitetet i Bergen

Tysdag 12. februar

Tveitt

10.00
Sanger av G. Tveitt til tekst av O. H. Hauge
ved Ragnhild Akslen, sang, og Annabel Guaita, piano

10.15
Hallgjerd Aksnes, professor i musikkvitenskap, Universitetet i Oslo: Tveitts orkestermusikk

10.45
Njål Sparbo, sanger: En utøvers blikk på Geirr Tveitts sanger

11.15
Pause

11.30
Arvid Vollsnes, professor i musikkvitenskap, Universitetet i Oslo: Fra visesang til orkesterklang – Geirr Tveitts hardingtonar

12.00
Einar Røttingen, pianist/professor ved Griegakademiet, Universitetet i Bergen: Tematikk og symbolikk i Geirr Tveitts sonate nr. 29 op. 129 ’etere’

12.30
Lunsj

Hauge

13.30
Sanger av G. Tveitt til tekst av O. H. Hauge
ved Ragnhild Akslen, sang, og Annabel Guaita, piano

13.35
Jan Inge Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda: Nasjonalisme og modernisme hos Hauge og Tveitt

14.00
Atle Kittang, professor i allmenn litteraturvitenskap, Universitetet i Bergen: Olav H. Hauge og verdslyrikken

14.30
Pause

15.00
Ole Karlsen, professor ved Universitetet i Tromsø:
Olav H. Hauge og bildekunsten

15.30
Christine Hamm, førsteamanuensis i nordisk litteratur, Universitetet i Bergen: Hauge om menn

16.00
Vel heim!