Skip to navigation

Påmeldingsfrist: Innkjøp av ny norsk sakprosa

Mål
Ordninga skal sikre utgivinga av ny norsk sakprosa og gi eit godt tilbod til lånarane i folkebiblioteka.

Kva kan det søkjast innkjøp for?

Ordninga er sjangerorientert og omfattar først og fremst:

- essays – biografiar – reiseskildringar – dokumentarlitteratur

- for avgrensing, sjå retningslinjene under.

Denne innkjøpsordninga er selektiv, det vil seie at det øvre titteltalet – 50 titlar – er bestemt på førehand ut frå ei årleg budsjettramme. Kva bøker som skal kjøpast inn av dei det det blir søkt om, er først og fremst basert på kvalitet. Vurderingsutvalet legg vekt på språkleg og litterær framstilling og på korleis bøkene formidlar innhaldet.

Kvar bok blir kjøpt inn i 1 000 eksemplar til folkebiblioteka.

Sjå elles retningslinjene og søknadsskjemaet.

Søknadsfristar: 1. mai, 15. september, 15. oktober og 1. desember

Ordninga gjeld det året boka blir gitt ut. Svar kan ventast ca ein månad etter søknadsfristane, men utvalet tek atterhald om at ikkje alle bøker kan bli ferdigbehandla i det møtet som ligg nærast opp til fristen. Siste svar vil kome i slutten av januar 2008 for 2007-bøkene.

Kor skal søknad og bøker sendast?

Underteikna søknadsskjema skal sendast til Norsk kulturråd, Litteraturseksjonen, Postboks 101 Sentrum, 0102 Oslo.

For meir informasjon kontakt litteraturseksjonen.