Skip to navigation

Dei nynorske festspela

Dei nynorske festspela på 14 språkblank

Festspeldiktar Tove Bakke
Dei nynorske festspela 2009 gir publikum litteratur og songar på minst 14 språk. Anna Gavalda-omsetjaren Tove Bakke er festspeldiktar, og ho pregar programmet saman med nærmare 20 andre forfattarar og omsetjarar.

Arve Henriksen, Aasmund Nordstoga, Side Brok og Cajun du Nord er blant dei mange utøvarane som skal fylle festspeldøgna med rytmar frå så vel Afrika og Karibia som USA og Nordvestlandet.

Festspela blir arrangerte i Volda og Ørsta frå 24. til 28. juni og inneheld meir enn 50 arrangement på 20 scener. Temaet er ”Med andre ord”, og det er første gongen ein festival har ein omsetjar som festspeldiktar.

Kunst på minst 14 språk
Frå omsetjarar, forfattarar og songarar får publikum høyre tekstar på minst 14 språk – bokmål, dansk, engelsk, fransk, islandsk, kiswahili, japansk, kreolsk, lingala, mandarin, nynorsk, patois, spansk og zulu.

Den franske forfattaren Marie Désplechin, den engelske forfattaren Ian Sansom og den kinesiske omsetjaren Shi Quine kjem alle til Dei nynorske festspela. I alt står meir enn 20 forfattarar og omsetjarar på programmet. Ivar Aasen-tunet er hovudarenaen, men over 20 scener blir tekne i bruk for å avvikle meir enn 50 arrangement med eit samla budsjett på 1,8 millionar kr.

Reidar Sandal, leiar i finanskomiteen på Stortinget, opnar Dei nynorske festspela, som blir avslutta med stemnetale av Gunhild Berge Stang, leiar i Noregs Ungdomslag.

Billettsal frå 2. april – Det meste er på plass, men fleire programinnslag blir avklara i vekene frametter, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

Billettsalet opnar torsdag 2. april. Festspelpass med inngang til alle arrangement kostar berre 1200 kr. Pass og billettar kan kjøpast på www.aasentunet.no eller www.billettluka.no/aasentunet. Alle billettar kan også kjøpast og hentast i Narvesen og 7-Eleven over heile landet, eller i resepsjonen i Aasen-tunet.

Festspelkruset av året har to linjer frå eit kubansk dikt, gjendikta av Tove Bakke. Festspel-t-skjorta er dekorert med eit sitat frå Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda. Den franske forfattaren har alt bedt om å få t-skjorta tilsend.