Lansering av Christophe Tarkos' Kasser
Det Norske Samlaget inviterer til boklansering av Christophe Tarkos’ Kasser, gjendikta av Cathrine Strøm og Gunnhild Øyehaug, og med etterord av UKON (Ulf Karl Olov Nilsson).
Høyr opplesinger ved
Gunnhild Øyehaug
Ulf Karl Olov Nilsson
Cesilie Holck
… og musikk ved plateaktuelle
Nude on Sand (Jenny Hval og Håvard Volden)
Christophe Tarkos (1963-2004) blir rekna som ein fornyar av den franske poesien. No er han for første gong blitt gjendikta til norsk. Tarkos dyttar på orda og setningane, gjentek diktas innhald til det ekstreme, dikta blir variasjonar over seg sjølve, ein levande orddeig, alvorleg, absurd, menneskeleg. Resultatet er djupt tragisk og djupt humoristisk; vi møter ei høne som ikkje er større enn eit egg, ei samling element utan element, ei pyntepute på ein sofa, ein produktiv produksjon. I denne samlinga med 64 diktkasser handlar det om både livshåp og livsdesperasjon.
Gratis inngang.
Les meir på
Samlaget sine sider
Facebook
